Bli betre kjent med Sambandsbataljonen

Limet i Brigade Nord

Soldatar i Sambandsbataljonen trenar på SIBO (Strid i bebgyd område). FOTO: Synne Nes Hagen
Picture of Synne Nes Hagen

Synne Nes Hagen

Medie- og informasjonssoldat

Når det smell i strid, er det lett å tru at alt handlar om soldatane på frontlinja. Men utan samband? Ingen kommunikasjon. Det er her Sambandsbataljonen kjem inn. Dei sørgjer for at heile Brigade Nord kan snakke saman – uansett terreng eller vêrforhold. Jobben dei gjer er kanskje ikkje den mest synlege, men han er avgjerande for at oppdrag skal lukkast, anten det er øving, krise eller krig.

Kva gjer eigentleg Sambandsbataljonen?

Sambandsbataljonen er éin av åtte bataljonar i Brigade Nord, og er delt inn i tre kompani: Telekompaniet, Radiokompaniet og Kommandoplasskompaniet.

Hovudoppdraget til Sambandsbataljonen? Å sørgje for at dei ulike avdelingane i Brigaden kan kommunisere med kvarandre.

Det er Telekompaniet og Radiokompaniet som har ansvaret for å etablere sambandet, medan Kommandoplasskompaniet støttar opp under bataljonsstaben som er samla på kommandoplass.

Sigurd Hove er lagførar i Telekompaniet. FOTO: Synne Nes Hagen

Store ordre, kartoverlegg og informasjon om manøvrar kan vere eksempel på informasjon som vert sende frå kommandoplass til kommandoplass. Denne informasjonsflyten er heilt avgjerande for at leiinga i Hæren skal kunne ta viktige og rette avgjerder.

– Sånn veldig grovt sett er jobben vår å sørgje for at folk kan snakke saman, seier lagførar Sigurd Hove, telesoldat i bataljonen.

Telekompaniet og Radiokompaniet set opp ulike typar signal, noko som er ein stor fordel om ikkje alt skulle gå etter planen under eit oppdrag. Dette gjer at ein har backup-løysingar, samstundes som dei ulike bataljonane i Brigaden kan knyte seg betre saman.

Radiokompaniet har òg ein eigen Trentropp som støttar heile bataljonen med logistikk, etterforsyningar til kompaniet og flytting av kommandoplass.

Alle kompaniet med underliggjande troppar er viktige for at bataljonen skal løyse oppdraga sine.

Små lag – stort ansvar

Innanfor troppane arbeider soldatane i små lag på 4–8 personar. Det fører til at lagsmedlemene gjerne må ha meir enn éi rolle eller stilling. Kanskje er du både vognførar og lagførar, eller systemoperatør og nestlagførar.

Fordi laga ofte opererer åleine, er det viktig med initiativ og sjølvstende. Ein kan ikkje vente på ordre – ein må løyse problema der og då.

– Dersom vi ikkje gjer jobben vår, betyr det at ein heil kommandoplass ikkje får kommunisert med dei dei skal. Difor er det avgjerande at vi faktisk får gjort det vi er sett til å gjere, seier Hove.

 

Å vere lagførar: Kamerat og leiar

Berentine Mohn er lagførar og telesoldat for eit rekognoseringslag i Sambandsbataljonen. Laget hennar sørgjer for etterforsyning til andre lag, slik at dei kan liggje i ro og unngå å bli oppdaga av fienden.

Oppdraga kan vare lenge. Ofte er det krevjande forhold, og ein kan møte fleire utfordringar undervegs.

– Nokre gonger må ein beltevinsje for å kome til eit knutepunkt. Å beltevinsje betyr at ein må taue vogna for å kome seg opp ein bratt bakke, til dømes ved å bruke eit tre som forankring, forklarar Mohn.

Å vere lagførar betyr ekstra ansvar – og med det kan ein òg kjenne på eit ekstra press.

– Du må gå føre som eit godt døme. Du kan ikkje forvente at andre tek dei kjipe oppgåvene om du ikkje gjer det sjølv.

Mohn er oppteken av balansen mellom å vere ein god leiar og ein god kamerat for laget sitt.

– Du må vise empati og sjå folk, men òg tore å vere den som seier: “No må vi berre gjennomføre.” Det handlar om å gjere seg fortent til respekten frå lagsmedlemene.

Ho legg til:

– Eg er heldig som har eit veldig bra lag, men som lagførar må du alltid vere litt på vakt. Det kan oppstå gnisningar, og då må du handtere det på ein god måte.

I Forsvaret er det stort fokus på god tilbakemeldingskultur, og Mohn seier det er noko dei trenar mykje på.

– Då handlar det ofte om at ein både må ta imot tilbakemeldingar på rett måte, men viktigast er det å tenkje godt gjennom det før ein gir ei tilbakemelding – du må faktisk ha noko å seie.

Berentine Mohn er lagførar for eit rekognoseringslag i Sambandsbataljonen. FOTO: Synne Nes Hagen

Limet i maskineriet

Forsvaret er eit stort og komplekst maskineri, sett saman av mange ulike avdelingar med varierte oppdrag.

For Sambandsbataljonen handlar det ikkje berre om å dra kablar og setje opp utstyr – det handlar om å halde heile Brigade Nord kopla saman. Bataljonen viser kor viktig samarbeid og kommunikasjon er – både i felt og når ein skal jobbe saman i lag.

Relaterte innlegg

Iskaldt hode, varmt hjerte: Bli bedre kjent med Jørg Lian!

Jørg Lian er høyt dekorert og har en lang forsvarskarriere bak seg. Han har tjenestegjort i en rekke forskjellige avdelinger og roller, fra bombespesialist i spesialstyrkene til sjefssersjant i Forsvarets Logistikkorganisasjon. I 2011 ble han tildelt Norges høyeste militære utmerkelse, Krigskorset med sverd, sammen med Forsvarssjef Eirik Kristoffersen og Trond Bolle (post mortem) “for å ha utvist særlig fremragende tapperhet og ledelse” under internasjonale operasjoner i Afghanistan i 2009.

Ukas stilling – Velferd

I denne utgaven av “Ukas stilling” møter vi Isabell Kjørlien og Celine Michalsen, to velferdssoldater i Akershus Kommandantskap. Les mer om stillingen her! – Enkelt forklart, så går det ut på å passe på at både vernepliktige og lærlingene har det bra, og at de får et sosialt fritidstilbud etter tjenesten. – Og i tjenesten, legger Celine til.

Den nye danske verneplikten

Når Danmark i 2026 går fra fire til elleve måneder verneplikt, markerer det et stort skifte i dansk forsvar – en reform drevet av geopolitikk, økt behov for operative soldater og et mål om en mer helhetlig og moderne tjeneste. Men hva betyr det for de som faktisk skal inn?

Ukas stilling – Havnetjenester

I denne utgaven av “Ukas stilling” møter vi Enric Soler-Sylte, havnetjenester ved Haakonsvern orlogsstasjon. Les mer om tjenesten hans her!